
Janstunet er ein gard på Jølster i Sunnfjord. Her møter tradisjonelt gardsliv lokalmat, natur og menneska som held garden i gang. På denne nettsida kan du bli betre kjend med Janstunet og historia bak garden.
Historia om Janstunet
Janstunet er eit lite mjølkebruk i Svidalen i Jølster. Garden har vore i familien i fleire generasjonar, frå oldefar Johannes til mamma Janne Karin, som tok over i 2005. I dag er Janstunet eit familieprosjekt der vi alle bidreg.

Kyr, sauer og fjordingar
På Janstunet har vi 15 mjølkekyr, 25 vinterfora sauer og to fjordingar. Dyra er ein viktig del av kvardagen på garden, og mykje av arbeidet handlar om å ta vare på dei gjennom året.

Familien bak janstunet
Janstunet er først og fremst ein familiegard. Gjennom fleire generasjonar har familien lagt ned tid og arbeid for å ta vare på garden. I dag er vi fleire som bidreg, og saman fører vi tradisjonane vidare.
